Trygd

Trygderefusjon

Dei siste åra har det skjedd ei positiv utvikling i høve trygderefusjon for tannbehandling

Viktige nye refusjonsordningar gjeld:

-Refusjon for behandling av periodontitt
-Refusjon for behandling av kjevesmerter med bittskinne
-Refusjon for protetisk erstatning av tenner som er tapt grunna periodontitt
-Refusjon for implantatbehandling der tanntap skuldast periodontitt
-Refusjon for dekkprotese på 2 implantat,der årsaka til tannlausheit ikkje er periodontitt.

Utbetaling av refusjon for utgifter til tannbehandling skjer ikkje lenger ved det lokale NAV kontoret. Det er HELFO(helseøkonomiforvatninga) som foretek utbetalinga.

Vi har avtale om direkteoppgjer med Helfo i høve refusjon. Dette betyr at du ikkje lenger treng forskuttera det som vert refundert, men berre vert belasta for din eigenandel her hjå oss.Så vert refusjonen utbetalt direkte til oss.

Vi tek dine trygderettar på alvor og er til ei kvar tid oppdaterte på trygdespørsmål. Spør oss om trygd.

Link til Helfo

Skattefrådrag.

Frå og med 1.1.2012 har Stortinget bestemt at det ikkje lenger skal gjevast skattefrådrag for utgifter til tannbehandling, sjølv om behandlinga har gjeve refusjon frå Helfo.

Til for deg